Medlemskap

 

Årsmøtet gjorde vedtak om å vidareføre kontingentsatsane slik at dei også for 2024 vert kr. 200 pr. person. Familiemedlemskap er framleis kr. 600, avgrensa til foreldre med born.

Minnar om at ein må fylle 15 år det året ein melder seg inn.

Du vert automatisk registrert som medlem ved innbetaling til kontonr. 3781.14.14337. Hugs å få med kven det vert betalt for ved innbetaling. 

Du kan og melde deg inn ved å VIPPSE samla sum til konto #110536, Norane Ungdomslag.

Hugs at det er nokre fordeler ved å støtta opp om bygdahuset Nortun. Som medlem får du mellom anna:

  • 50% rimelegare leige av lokaler og utstyr (krev medlemskap i minimum 3 samanhengjande år)

  • rimelegare billettar til arrangement NUL arrangerer.

  • og ikkje minst godt samvit for å ha støtta opp om ein viktig organisasjon i bygda. :-)

 
IMG_36201.JPG