Treng du lokale til ditt arrangement?

Utleige av lokale

 
 

Bryllup, feiring av rund dag eller skal du halde slektsstemne? Uansett kva føremålet skulle vera så kan me tilby svært gode og moderne fasiliteter. Vi vågar påstanden om at vi har det flottaste ungdomshuset i Sogn  :-)

Det er rikeleg med plass ute, gode parkeringstilhøve, flott utsikt over fjorden og lokalisert sentralt mellom Sogndal og Leikanger.

MATSALEN

I grunnetasjen finn du "Matsalen" med plass til inntil 120 personar til bords. Ved bryllup og lignande høgtidelege arrangement bør nok antalet vere lågare for å få meir plass, men dette har leiar av husnemdi full kontroll på.

Vidare finn ein eit flott toalettanlegg med eige toalett for menn, damer og handikappa.Kjøkenet som ligg ved sida av "Matsalen", er godt utrusta med alt av porselen, bestikk, glas og ellers det ein måtte trenge for å servera gjestene. Gode koketilhøve og ein moderne oppvaskeline.

FESTSALEN

I 2. etasje finn ein "Festsalen" med scene og salonger. Kapasiteten ligg også her på omlag 120 gjester. Her finn ein og ei eiga salongavdeling med skinnsofaer og eigen barløysing.

Bruk av kjøkenet inngår i leige av lokala nemnt.
Kontakt oss for booking, tilbod eller praktisk informasjon.

Leigesummen er avhengig av om du vil leige heile huset eller berre ein del, typen arrangement og kor lenge du vil disponera lokala. Sjå inndelinga og prisar under.

Straumforbruk ut over det ein reknar som normalt forbruk, vert fakturert leigetakar i etterkant av arrangementet.

UNDER FINN DE PRISANE FOR 2024:

  • Leige 1-6 timar: kr. 5,000

    Leige 7-24 timar: kr. 8,700

    Meir enn 24 timar: etter avtale

  • Leige 1-6 timar: kr. 3,500

    Leige 7-24 timar: kr. 6,090

    Meir enn 24 timar: etter avtale

  • Leige 1-6 timar: kr. 2,500

    Leige 7-24 timar: kr. 4,350

    Meir enn 24 timar: etter avtale

Her kan du laste ned kopi av vår husleigekontrakt.

 
Norane Ungdomslag sitt ungdomshus

Norane Ungdomslag sitt ungdomshus

Oppdekka til konfirmasjon

Oppdekka til bryllup