Treng du lokale til ditt arrangement?

Utleige av lokale

 
 

Bryllup, feiring av rund dag eller skal du halde slektsstemne? Uansett kva føremålet skulle vera så kan me tilby svært gode og moderne fasiliteter. Vi vågar påstanden om at vi har det flottaste ungdomshuset i Sogn  :-)

Det er rikeleg med plass ute, gode parkeringstilhøve, flott utsikt over fjorden og lokalisert sentralt mellom Sogndal og Leikanger.

MATSALEN

I grunnetasjen finn du "Matsalen" med plass til inntil 120 personar til bords. Ved bryllup og lignande høgtidelege arrangement bør nok antalet vere lågare for å få meir plass, men dette har leiar av husnemdi full kontroll på.

Vidare finn ein eit flott toalettanlegg med eige toalett for menn, damer og handikappa.

Kjøkenet som ligg ved sida av "Matsalen", er godt utrusta med alt av porselen, bestikk, glas og ellers det ein måtte trenge for å servera gjestene. Gode koketilhøve og ein moderne oppvaskeline.

FESTSALEN

I 2. etasje finn ein "Festsalen" med scene og salonger. Kapasiteten ligg også her på omlag 120 gjester. Her finn ein og ei eiga salongavdeling med skinnsofaer og eigen barløysing.

Prisen for leige av heile huset er kr. 7000,-.

Det er mogeleg å leige berre ein av salane, og med eller utan kjøkenet.
Kontakt husnemdi for prisar og praktisk informasjon.

 
Norane Ungdomslag sitt ungdomshus

Norane Ungdomslag sitt ungdomshus