Vassendgutane er eit av dei mest populære live banda i Noreg. Dei har halde på i over 20 år og fyller framleis dei konsertstadene dei vitjar. No er turen komen til Nortun. Her blir det eit nytt møte med kjende og kjære melodier som “Silikon i Tatti”, “Hei Reidar” og “Ungkar med dobbeltseng”. Vidare presentasjon er nok ikkje naudsynt.
Dette vert ein kveld av dei sjeldne og vi håpar på god oppslutnad både frå Norane og bygdene rundt.
Billettpris kr. 450
18 års grense. Sal av snacks, varme rettar, øl, vin og anna drikke.
Dørane åpnar kl. 20:00. Oppvarma telt og meir plass.
Buss til Leikanger og Sogndal etter arrangementslutt, ca. kl. 02:00..
Førehandssal av billettar startar 15. august. Meir info kjem til då. .