DANSEPARTY MED VASSENDGUTANE45
Det er med stor glede vi kan ynskje alle velkomen til fest i Nortun med det populære dansebandet VASSENDGUTANE, fredag 22. november 2019
Vassendgutane er eit av dei mest populære live banda i Noreg. Dei har halde på i over 20 år og fyller framleis dei konsertstadene dei vitjar. No er turen komen til Nortun. Her blir det eit nytt møte med kjende og kjære melodier som “Silikon i Tatti”, “Hei Reidar” og “Ungkar med dobbeltseng”. Vidare presentasjon er nok ikkje naudsynt.
Dette vert ein kveld av dei sjeldne og vi håpar på god oppslutnad både frå Norane og bygdene rundt.
Billettpris kr. 450
18 års grense. Sal av snacks, varme rettar, øl, vin og anna drikke.
Dørane åpnar kl. 20:00. Oppvarma telt og meir plass.
Buss til Leikanger og Sogndal etter arrangementslutt, ca. kl. 02:00..
Førehandssal av billettar startar 15. august. Meir info kjem til då. .
KONSERT MED STEFFEN JAKOBSEN
No kjem Steffen Jakobsen til Nortun!
Steffen Jakobsen vart kjend for TV-sjåarar då han kom på 3.-plass i Idol Norge 2013. Samstundes vart hans framføring av «Your Man» kåra til årets beste «Idol»-øyeblikk. Steffen Jakobsen syng tradisjonell country og lagar også eigen musikk. Albumet «My Beginning» vart opprinneleg spelt inn i 2009, men etterspurnaden i samband med Idol-deltakinga vart så stor at det vart gjeve ut på nytt.
Fredag 25. oktober åpnar vi dørene kl. 19:30. Det vært laga til ein stor og flott tapas buffet som vert servert frå kl. 19:30 til 21:00.
Konserten startar kl. 21:30.
Prisar:
Middag og konsert, kr. 490 /person
Kun konsert kr. 290 /person
Sal av drikke (øl, vin, cider og mineralvatn) under heile arrangementet.
Påmelding ved betaling i bank til konto nummer 3705.34.06956. Merk overføring med kven betalinga gjeld for. Du kan og sende VIPPS til Norane Ungdomslag, #110536.
PUBKVELD MED PÅSKEQUIZ
PUBKVELD MED PÅSKEQUIZ
Tradisjonen tru vert på nytt PUBKVELD MED PÅSKEQUIZ i Nortun førstkommande onsdag, dagen før Skjærtorsdag og påsken set i gang for fullt.
Arrangementet har vore veldig godt besøkt tidlegare år og vi håpar mange nører finn vegen til Nortun denne gong og. Quiz master: Arne Slinde Ahlin.
Dørene opnar kl. 20:00. Quiz start ca. kl. 21:30. Fri inngang. Sal av snacks drikke.
COUNTRY FEST MED "BYTING"
spelar i Nortun
laurdag 22. september 2018.
Dørene opnar kl. 22.00.
Kr. 400,- pr. billett.
Billettsalet opnar 05.06.18
🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶🎶
Betaling:
Vipps til 110536 ➖Norane Ungdomslag
eller så kan du betale inn på
kontonr. 3705 34 06956.
NB! Merk innbetalinga med namnet ditt.
😂Detta blir liv kara 😂
På festkvelden:
Det blir lagt ut lister ved inngangen over kven som har kjøpt billettar.
Det er difor viktig at du har legitimasjon klar slik at "innsjekkinga" går smidig.
Det blir sal av mat, snacks og god drikke.
🍻🍷🥂🍻🍷🥂🍻🍷🥂🍻🍷🥂
18 års aldersgrense.
Det vert sett opp buss til Leikanger, Øvstedalen, Sogndal og Kaupanger kl. 02.15.