No kjem Steffen Jakobsen til Nortun!
Steffen Jakobsen vart kjend for TV-sjåarar då han kom på 3.-plass i Idol Norge 2013. Samstundes vart hans framføring av «Your Man» kåra til årets beste «Idol»-øyeblikk. Steffen Jakobsen syng tradisjonell country og lagar også eigen musikk. Albumet «My Beginning» vart opprinneleg spelt inn i 2009, men etterspurnaden i samband med Idol-deltakinga vart så stor at det vart gjeve ut på nytt.
Fredag 25. oktober åpnar vi dørene kl. 19:30. Det vært laga til ein stor og flott tapas buffet som vert servert frå kl. 19:30 til 21:00.
Konserten startar kl. 21:30.
Prisar:
Middag og konsert, kr. 490 /person
Kun konsert kr. 290 /person
Sal av drikke (øl, vin, cider og mineralvatn) under heile arrangementet.
Påmelding ved betaling i bank til konto nummer 3705.34.06956. Merk overføring med kven betalinga gjeld for. Du kan og sende VIPPS til Norane Ungdomslag, #110536.